Odd Nordstoga

Arbeid og arbeid
min ven, mitt tidsfordriv
trøytnar mine hender
så eg veit at der er liv
Arbeid, mi redning
frå alt eg ikkje vil
Eg kan sei “Dessverre,
er på arbeid, har ‘kje tid!”
Så eg er på arbeid, og arbeid
gjev meining til å ha fri

Eg er på arbeid
Eg er på arbeid
Eg er på arbeid eg
la la la la la la la

Arbeid og arbeid
gjer ølet meire kaldt
gjer sofaen litt betre
gjer noko godt med alt
Arbeid, min doktar
med deg gjort er eg glad
Alt blei sjukt og gamalt
om arbeid ikkje var
Ja, eg er på arbeid, og arbeid
gjer noko godt med alt

Eg er på arbeid …

Arbeid og arbeid
folk vil ha deg bort
byte deg med anna
dei heller ville gjort
Arbeid, du skal veta
du har ein ven i meg
For eg er som fornøgdast
på veg heim att ifrå deg
Så eg er på arbeid, og arbeid
gjev meininga til tid

Eg er på arbeid …