Å ban og veslegut

Tekst: Jørund Telnes

Melodi: Hans Matthison-Hansen

Etter Ellen B. Nordstoga, Vinje

Å ban og veslegut heiter eg,

og pil og boge hev eg med meg

Kom reven raude,

no skò du daue, no skyt eg deg

Å rev du slett alli tenkje må

at du meg lombi skò stela frå

Kjem du i skogen,

eg skyt med bogen, skò du få sjå

Burtafor stoga ein bekk der renn,

der set eg upp både sag og kvenn,

og bygger båtar

bad’ skip og flåtar

på sjøen fin

Te mast eg set upp ei hanafjør

og så te Gull-landet då det ber

Sjå skipet reilar*

Ja, sjå det seilar. Snart er me der

Så kjem eg att med ei tunne gull,

med lomb og sauir og silkeull,

og fuglar kjøne**

båd’ blå og grøne, som syng i krull