Odd Nordstoga

Angelica Angelica

Kor er dine draumar i kveld?

Eg trur dei gjev deg dei vengene blå

og silkekjole og krone på

Eg trur at dei tek deg bak blånar sju

i milde vindar der flaksar du

og landar så i ei solfylt vik

No drøymer eg i alle fall og ser deg slik

Og draumar er til for å finnast,

og den her har eg tenkt til deg

Angelica Angelica

Der ventar din kvite hest

Så rir de oppover Gyllendal

til slottet åt Kong Visental

Eg trur at han ventar med alt sitt hoff

bak bord med dukar i dyre stoff

og flagget er oppe, musikken på

No drøymer eg i alle fall og ser deg så

Og draumar er til for å finnast

og den her har eg tenkt til deg

Angelica Angelica

Dagen er ikkje din

Det er stengt for deg som for oss er fritt

Nei, ingenting av dette her er ditt

Og snøen ligg kald på ei jord av stål

Og det er ingen som har tenkt på å gjort opp bål

og slå ut med armar og bjode inn

på varme hender mot kalde kinn

Men draumar er til for å finnast

og den her har eg tenkt til deg

Angelica Angelica

Minnest du då me var små

Eg hugsar me to i ein båt på ein sjø

På toppane rundt var der enno snø

Og bekkane rann der frå fjella ned

som kvite striper i liane

Ja, våren den tok oss i handa si

og midt nedi handa, der rodde me

Så, Angelica Angelica

Kom og set deg i

Så finn me att det uskuldige

Og heiar fram det truskuldige

Og ror oss bort ifrå dei som vann

og ingenting skynar, men allting kan

Og set vår lit til ein gamal vår

Og veit du i Gyllendal kor det går?

Jau, Angelica Angelica

Der ventar det deg ein prins

Og alt som gjekk forbi deg her

i Gyllendal stoppar og for deg skjer

Der står du med kløverkrans i hår

og prinsen rett framfor deg står

Men det er du som strålar, det er du som rår!

No drøymer eg i alle fall at det er slik det går

Og draumar er til for å finnast

og den her har eg tenkt til deg