Annes bånsull

Tekst: Jørund Telnes

Meldoi: Trad.

etter Hillborg Romtveit, Vinje

Kvelden feller skuggar

Mamma båni ruggar

Røsen skal ‘kje koma inn

med den fæle ungen sin

når mamma sit og sullar

Mamma feller tårir

ivi salte bårir

Papa fòr til anna land

Heim han inkji koma kan

før guten kjem med årir.

Sov min søte sulli

Gjevare hell gulli

Bli lik snille papa din

Han er glad i guten sin

Og han låg au i tulle

Det er stilt i stoga

No skal båni sova

Sov og drøym og veks deg stor

Liti gull te far og mor

Og så må båni sova.