Tekst: Ragnar Hovland

Møt meg på den aude stranda
der bølgjene ikkje slår
Der du ikkje vil svare når eg spør
men sei at du ikkje forstår
Der vinden ikkje blæs og eg ikkje
vil følgje deg når du går

Møt meg på den aude stranda
der sola aldri skin
Der tårene tørkar før dei fell
og smilet berre er eit grin
Der ingen av oss kan tape
og ingen lenger vinn

Møt meg på den aude stranda
når ingenting lenger kan skje
Når du er blitt så åleine du kan
og har trekt gardinene ned
Då skal eg vente på deg der
Eg trur eg kan love det