Du kan gjera det du vil,

for eg unner deg all di tid

Til skogs å vera i dagane sju,

det kan du gjera for at det er du

Til borti der som vinden snur

Dit kan du reise, ja ta deg ein tur

til Amerika berre for å snu

Det kan du gjera for at det er du

Men legg, legg deg inntil meg no

For ute blæs det med regn og med sno

Og sei meg at ingen stad er så trygg

som  bakom min rygg

Bakom min rygg

Du kan slå meg i Monopol

og pynte på namnet med cand theol

Du kan skjønne, og eg ikkje ha eit klu

Det kan du gjera for at det er du

Men legg, legg deg inntil meg no

For ute blæs det med regn og med sno

Og sei meg at ingen stad er så trygg

som  bakom min rygg

Bakom min rygg

Du kan sveive deg opp og fram

Eg kan ver heime med kryssord og dram

Men eg vil, eg må få vera din Prins,

og verje deg for alt fælt som fins

Eg må få vera din redningsmann

Når elden rasar så er eg han

som bergar deg ifrå flammer og gru

Det skal eg gjera for at det er du

Så legg, legg deg inntil meg no

For ute blæs det med regn og med sno

Og sei meg at ingen stad er så trygg

som  bakom min rygg

Bakom min rygg

Ja, sei meg at ingen stad er så trygg

som bakom min rygg

Bakom min rygg