Bonden og slusken

Trad. etter Brita Bratland, Edland

Det går ein slusk utpå vår gård,

– sa’e bonden

Lukk opp, slepp han inn

Kan hende er det friaren min,

– sa’e bondens hustru

Hòrr skò slusken sitje då?

– sa’e bonden

På ein stol ved mitt bord

Eta mat og spila kort

– sa’e bondens hustru

Hòtt skò eta gjera då?

– sa’e bonden

Surran sild og ròti kål

te ein mage som er tom

– sa’e bondens hustru

Hòrr sko eg liggje då?

– sa’e bonden

Under mitt bord, i ein krok

Sova der fe utta ro

– sa’e bondens hustru

Hòrr skò slusken liggje då?

– sa’e bonden

I mi seng, på min arm

Sova der fe utta harm

– sa’e bondens hustru

Lus og loppur et meg upp

– sa’e bonden

Snu deg om, bit igjen

Og kjem det fleire, tek du den

– sa’e bondens hustru