Tekst: Stein Versto

Melodi: Odd Nordstoga

To elver renn gjennom landet Ur,

møtest der, og høgt frå ein mur

ser du opptog med faner og vimplar i vind;

der elvene møtest skrid opptoget inn

Eit bord med safirpynta beger av gull,

hyller med kunnskap, rull på rull

salar med strengespel, song og lått,

ringdans med fløyter og harpeslått

Så snør det i landet: gløymslesnø

Borte blir borga og gløymde dei brød

som metta dei fem tusen munnar frå korg:

Andlet ber blindt på ei tusenårssorg

Og ingen kan minnast dei linne drag

i dronningas andlet den fagre dag

då landet her kvilte i heilag fred

og alle hadde kjærleik å elske med

Ei dør slår opp i den stille kveld,

gjennom opningen anar du skinet av eld

og stemmer som vinden ber fram der du trør:

Dette er noko du kjenner frå før

Ei hand spelar terning i fakkelskin,

ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;

dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:

Dette er noko du kjenner frå før

Gløym slitet for glede og frykta for sorg;

det er her, alt du treng, det er brød i ei korg

frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg,

Sjå, her er dagen som renn

Sjå, her stig sola for deg

Sjå, her er korga med brød for alle

i borga i landet Ur