Odd Nordstoga

Enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur, og alt vender heim til dit det bur

Alltid er det slik at juni legg opp det juli skuslar bort
og mykje skal til for å innfri alt det ungar skulle gjort
Snart skulefri, det ligg der som ein billett til paradis
men du veit du skuffar når paradis er Arendal og is

Men enno er det tid…

Eg såg for meg at du og eg snakka fritt ved eit bord ein stad
Men ein blygsel av å kjenne for godt kom og luka i det me sa
Så no køyrer me til kysten, til den sommaren me har lagt
og det er headset baki, og frammi er det på radioen det blir sagt

Ein kjenner godt at dei glir ifrå dei ungar som ein fekk
Me skulle bygge eit slott, ei borg, men ei hamn er det me rekk
Snart er det berre nåde for den barndomen me gav
som er den bøn me kan sende til Gud veit kor dei blir av

Men enno er det tid…

Men det slepper aldri, det slepper aldri at noko heng i hop
At om krigen kom med kuler og krut så var me i sama grop
Og når himmelen blir slik himmelen er når havet møter land
i kupeen inn stryk ein forsoningsvind som syng: Det kan gå an

For enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur, og alt vender heim til dit det bur