Det lova land

Odd Nordstoga

Det er ein stad for meg

som er ferdig reidd og klar

Den er det som eg kan tenke,

den er det eg går og trør i her kvar dag

Men sjå på fjorden

No kjem båtane inn

No er sommaren komen,

sender draumar ut i vind

Og det er langt det, til vinden sitt land

Men det er lenger enn langt til den glimande havn

som blei lova i songen eg song i ditt namn

Å, tak meg heim, du lova land,

til Det lova land

Det er ein stad for meg

Ein som ikkje lèt seg sjå

Men som berre let seg sanse

som eit bod ifrå ein stad du ’kje veit om

Men sjå på himmelen

No kjem svolune hit

kor tru svolene har vore

og kvifor fór dei dit?

For det er lang det, til svolunes land

Men det er lenger enn langt til den glimande havn

som blei lova i songen eg song i ditt namn

Å, tak meg heim, du lova land,

til Det lova land

Det er ein stad for alt

som meg aldri er fortalt

Men den helsar meg i vinden

og i svolune som aldri fell til ro

For bortom fjorden,

bortom alt det ein kan sjå

fins ei heilag havn og finne

som ein dag eg skal nå