tekst og musikk: Odd Nordstoga

No datt lauvet ned framom benken
det er fleire der det kjem ifrå
For no skriv me alt månaden september
og min himmel den er bleikare då

Og gatene dei stivnar i forma
og støvet legg seg ned for i år
og regnet er ikkji godt, men ein vane
Det er inne det no foregår

Det er så mangt som ingen av oss kan snu
Men eit bank på døra
så var det visst du
Og ein sommar renn ut i flaumar mot sjøen
men eg veit at den òg kjem att ein gong

Ute er det snø snart
kjem hit snart no
eg veit det
Ein treng ‘kji vera filosof eller
finansanalytiker for å skjønne slikt som det
No kjem det snø snart
kjem hit snart no
Så kom du før den fyrste snøen
som må gjeva seg og smelte bort

Dei reiser, dei som kjenner sitt sinnelag
og snappar korte vårar i fart
Men det er ein av mine små skattar;
å miste ting, for så å få dei att