Ville berre sei eit ord
Ville peike på eit spor
Ville skru musikken ned og gje beskjed
Ville leite fram ei sak
som ligg og støvar ned der bak
som er sann om den er gløymd og skitna til

Ville sei deg som min bror
Dette landet er di mor
Ville seia det av glede og av trong
til å minnast den fine og heimlege hamn
som gjev luft og vide venger for min song

Skulle gjerne nok ein gong
syngje fjellets store song
om breane og viddene og snøen
Men eg vender blikket ned
og så stansar eg ved det
som gror av trass og vilje utpå bøen

Ville sei deg som min bror
Dette landet er di mor
Ville sei det som eg meinte det eg sa
Som eg tok av meg lua for blomar og blad
og takka det frå inni meg ein stad

Og alltid er det lite me kan gjera
For Noreg er ein liten prikk i nord
Men paven er ein liten prikk i Roma
så slik sett så er kongen like stor
Det er ‘kje sant at her er lite, me er mange
Det er ‘kje sant at her er smått, nei her er stort
Og det er sant det, at me elskar dette landet
og den du møter etter vegen er din bror

Ville berre sei eit ord
Ville peike på eit spor
Ei bøn ifrå den store blåe jord
ifrå skog og ifrå hav
ifrå alt me haustar av
At me snart må finne vegen ut av ord

For det ropar til oss, bror
Dette landet er vår mor!
For det ropar på vår ære og vårt band
til å vara den fine og heimlege hamn
som lyser oss imot og er vårt land