tekst og musikk: Odd Nordstoga

Under blusa var ho aleine
det var ingen avtrykk der på
Over blusa var eit andlet,
eit andlet som ingen hadde kjent på
I lag med andre var ho fanga av utkantens ro der ho sat
Blant folk og leven var ho
utanfor ytring og utanfor svar

Men innom augo var ei eldkule
Der var ei eldkule som ikkje var funnen

Så kom kvelden då ho vart funnen
av ein gut som såg ho som ho var
Han kom imot ho
han kom imot no
ho kraup ihop og kjende at ho skalv
Ho såg på klokka det var fire minuttar til fyrste bussen heim att
Skoene på, ned trappa og ut på vegen.
Ho redda seg denne gongen og.

Så heim gjekk jenta med eit savn
og att stod guten med ein favn.
Men ingen kom seg til og kanskje like greit var det
så braut ho ingen barrierer ned,
og ingen hadde sett kor ho leid for det.