Ein annan måte

Tekst: Ragnar Hovland

Skulle ønskje det var ein annan måte
eg kunne elske deg på
så vi ikkje alltid måtte vere saman
men kunne reise til og frå
Du skulle fått presangar
når eg kom innom ein gong iblant
Og du skulle ta imot meg
om eg enn var litt på ein kant

Skulle ønskje at dette livet
kunne levast ein gong til
Då skulle eg først vore snill og god
og seinare galen og vill
Eg skulle kome tidleg heim
og oppvasken skulle eg tatt
og tenkje at i neste liv
så skal eg ta det att

Eg skulle ønskje det var litt lettare
å leve dag etter dag
at vi av og til kunne roe han ned
og ikkje gjere det slag
Du ser slik på meg stundom
og eg prøver å forstå
Og eg skulle ønskje det var ein annan måte
eg kunne elske deg på