Ein farfar i livet

Ein farfar i livet skull’ alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha

Ein farfar i livet skull’ alle ha
Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha

Ein farfar i kjeledress skull’ alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha

Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha