Fin fyr

Tekst og musikk: Roald Kaldestad

Han står opp, og sola kitlar han på magen
Han står opp, og ser at det er godt
Han går ut, og helsar på dei folk han møter
Han er som ei fjør i dag

Overalt – jenter går forbi med fregner
korte skjørt og sommarbleika hår
det er eit spel – og plutseleg så kan han triksa
Han ser alt så klart

– Eg er ein fin fyr, god mann, bra kar –

Men han veit – i morgon er det sikkert ikkje slik
Det går alltid over
Då er han nok ein gong sitt sørgelege eg
men i dag så skal han lysa

– Men eg er så lei av å vera lei –
Han vil alltid gå å lysa rundt omkring
for dei som er rundt om