Tekst og musikk: Odd Nordstoga

For denne gong skal huset stå, og Nils han skal gå fritt
For denne gong så snur me oss ifrå
For denne gong skal han få tru han redda seg og sitt
For denne gong så slepp han svia få

For at Nils må gå
det vil me sleppe sjå

Alle veit, men ingen tør å ikkje vera veike
Alle veit at snille er dei òg
Alle veit kven skurken er, og kven det var som sveik
Alle veit det, alle veit det

Men at Nils må gå
det vil me sleppe sjå

For denne sjarmen den går over alt, og alle ligg der flate
Så er det med det…

Ingen veit at var dei Nils så ha’ dei gjort det sama
Ingen veit, det er der det heile ligg
Ingen veit at alle la sin elsk på just den sama
det veit Nils og tenner seg ein lang sigar