Hald fast

Odd Nordstoga

Det er ein dag å kviskre
Den trur eg kom her no
Det er som store, store ting kan velte
Og lauva heng på trea
men dei heng ikkje godt
Og mykje fell i fall det kjem ein vind
Men eg lovar, lovar, lovar
å halde fast

Eg held mitt blikk mot bakken
og store trygge tre
Eg håpar at du spør om me kan reise
Så køyrer me til huset der langt inni ein skog
og snører verda saman tett ikring
Og eg lovar, lovar, lovar
å halde fast

Når det er greitt å skyte
Når det er greitt å slåst
Når ingen ting heng saman:
Nei vel! Då tenkjer eg på oss
Og eg veit det skal gå
Ja, eg lovar
å halde fast

Her ute laver snøen
Ein fugl sit i eit tre
Når ingen ting heng saman
så gjer i alle fall det
Og eg veit det skal gå
Ja, eg lovar
å halde fast