Tekst og melodi: Odd Nordstoga

Eg vil leva og ha kul

på fire hjul,

vera spelemann på tur

Fall lall la

Bilen den er trong

så den reisa, den blir long

Men i kveld så blir det song

Fall la la la la

Men Mor

Å Mor

Eg lengtar heim til Mor

Eg er stor

Eg er stor,

men ikkje så stor:

Eg lengtar heim til mor.

Det er speling, det er fest

med hatt og vest

utan politi og prest

Fall la la

Og jentene i kor

syng ein song på mine ord;

ja musikken, den er stor

Fall la la la la

Utpå kvelden på ein tram

får me ein dram

Treng ’kje sol for å bli varm

Fall la la

Og i sommarnatta mild

fer ei jente og ei til

Men me sit der som me vil

Falla la la la

Eit einsamt trekkspel ut i åkeren står

med hol i belgen etter dansen her i går

På trappa sit ein kar i dressen til far

og ringer til ei jente, men det er ’kje noko hente der,

så eg gidder ’kje å vente meir, eg reiser  heim,

eg reiser heim til mor