Odd Nordstoga

Hossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sia eg har høyrt frå deg
Eg vil tru du har lange dagar
at det røyner på av og til
Men det er ‘kje slik mellom meg og deg
at du er deg og eg er meg
at me drikk oss fulle og ler me to
Det er ikkje slik lenger no

Nei, det er ikkje slik lenger no

Hossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sia eg har høyrt frå deg
Eg har spurt deg hundrade gonger
Du har svara ”Takk” og ”Det er bra”
Men det er ikkje slik mellom meg og deg
at ord kjem fram og vil feste seg
at dei løyser ut moro og vermer blod
Det er ikkje slik lenger no

Nei, det er ikkje slik lenger no

Eg minnest at me lauga i det fortruleges tjern
Varmt var det, det var sommar
alt var blanda; jenter, turar, draumar oppi der
Det var sommar
Men sjeldnare vart møta der ved tjernet i ein skog
oftare så let ein heller vera
Morgonar blei tjukkare og våtare av dis
Så kom vinteren, på tjerna la seg is

Hossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sidan eg har høyrt frå deg
Men eg ynskjer for deg det beste
At det gjekk deg slik som du sa
då du sumde rundt og du var så glad
og overmot det var alt det som du ha’
Og me trudde på vinteren når det kom sno
Det er ikkje slik lenger no

Odd Nordstoga: Song og gitar
Torstein Lofthus: Trommer
Tor Egil Kreken: Bass
Øyvind Blomstrøm: Gitarar
David Wallumrød: Piano og keyboards