Eg har ein hemmeleghet som ingen veit
Den tek eg med meg når eg går
Og på min gravstein vil det ikkje stå
noko hint av noko slag så du forstår
Når me er ute i ei sommarnatt
og er fortrulege og opnar våre sinn
Då er det noko der
Då er det noko som eg stenger inn

Eg har ein hemmeleghet som ingen veit
Og den har litt å sei for deg
Det ville riste både opp og ned
på det du tenkte du, og oppfatta av meg
Det er sannsynleg at du ville gå
å grunne i eit liv på det eg sa
Så eg held på det
og det trur eg at er bra

Det er ein kald vind
Ein kald, kald vind
Noko eg må bera på
som du ikkje treng å sjå
Men har ikkje alle ein slik liten vind
Eller eit skår som ein tek med seg når ein går

Eg har ein hemmeleghet som ingen veit
som du meg stadig minner på
Når me no sit og er på restaurant
og har betala og no skal me vel til å gå
Du sit og skuler og så spør du meg om eg er ok
om alt er bra, om eg er trist?
”Nei, nei då!” sei’ eg
Men tenker at du skulle visst

Om ein kald vind
Ein kald, kald vind
Noko eg må bera på
som du ikkje treng å sjå
Men har ikkje alle ein slik liten vind
Eller eit skår som ein tek med seg når ein går