I byen Samarkand

Tekst: Ragnar Hovland

I byen Samarkand
er kvelden alltid stille
Der høyrest låg musikk
og vindane er milde
I byen Samarkand
er aldri mørkt og kaldt
der høyrer hjartet heime
Der kan du gløyme alt

I byen Samarkand
sit kvinnene og stundar
i strålande palass
og i olivenlundar
Mot byen Samarkand
eg styrer mine steg
Der høyrer hjartet heime
der er det plass for meg

I byen Samarkand
Er saknet lett å bere
Der fins det gull og silke
alt hjartet kan begjære
I byen Samarkand
det har du høyrt fortalt
der høyrer hjarta heime
der kan du gløyme alt