Jonsokdans

Kalde vindar stryk innover land
Men det gjer ‘kje, det gjer ‘kje det grann
Og regntunge dropar til naser finn fram
Men det gjer ‘kje, det gjer ‘kje det grann
For linerla trippar så kjeik og så blid
Med sine tusen songar om sommar så stryk ho forbi
Tirili rili rili tirili rili rili

Og ørna den ligg der på vinden med høgaste nuten
som stål og som jarn
Men under, i berget, der er ho så mjuk
for der passar ho sine små barn
Ho ligg der og og ser ut på havet og tenker:
Mot kjærleik er stormar og frådande sjø ingenting
Tirili…

Du må ikkje sova for natta er ny
Det blir jonsokdans her til morgongry
Du må ikkje sova når sola den renn
Då skal me elske kvarandre og danse for den

Og graset det blømer i overmot
og det kryp over stein og mot fjell
Ja, våren er krona med seier, og livet er
aldri så liv som i kveld
Og når alle ting bugnar av ljos og av liv
Er det rart at eg ler når i dansen eg sviv
Tirili…

Nei, du må ikkje sova for natta er ny
Det blir jonsokdans her til morgongry
Du må ikkje sova når sola den renn
Då skal me elske kvarandre og danse for den