Høyr no på meg
Kan alle reise seg
Så fyller me eit venskapskrus
med det me måtte ha
Og seier far – farvel
Me møtest snart igjen
Så skål for lykke og god tur
Me ventar her på lur

Her i
Knert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jord

Ei tåre på eit kinn
Eit skrubbsår i eit sinn
Det er eit hjarte som fortel
at nokon slapp der inn
No er det far – farvel
Eit hus skal stå forlatt
Men me er lyft av glede for
den dagen de kjem att

Hit til
Knert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jord

Far- farvel
Far – farvel
Og skål for den forblåste øy
eg leva vil og døy

Knert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jord