Eit berg med ei dør i,
inn til ein venn
Eit sår som det blør i,
igjen og igjen
Eg ropar mot berget
Døra finst ikkje meir
Og berget går folk no forbi,
fleire og fleir’

Eg står her i sola
Eg står her i dis
Når månen stig mellom trea
og berget dekkjest av is
Eg leitar i blinde
etter det som set fri
Eg minnest den gongen
då du og eg var vi

År går, år går
Kom heim til menneska, venn
Kom heim

Eg står her og sveittar
Eg står her og frys
Når månen stig mellom trea
og berget dekkjest av is
Eg leitar i blinde
etter det som set fri
Eg minnest den gongen
då du og eg var vi

Ein fugl på ei grein
Ein tone frå kvist
Ein song gjennom skogen
Stengd, ikkje mist
Eg ropar mot berget
Røysta framand og ny
Kanskje det som skal til for å nå deg
i ditt steintunge ly

År går, år går
Kom heim til menneska, venn
Kom heim