Odd Nordstoga

Lykka er dagen forutan gjeld

og slutten av boka kvar einaste kveld

Lykka er vår i ein feit nasjon

med akkurat passeleg inflasjon

Lykka er fjella og det blåe hav

og rekninga ingen visst’ kor blei av

og lukten av granbar og motorsag

Lykkeliten kor er du no?

Lykkeliten kor er du no?

Lykka er fredag og fjernkontroll

og ver’ oppe til fire og sova til tolv

Lykka er mai og lauv som sprett

og at andre tek feil og du har rett

Lykka det er når lykka snur

og elles det meste av det som ein trur

Lykka er det som du veit frå før

Lykkeliten kor er du no?

Lykkeliten kor er du no?

Lykka starta aldri ein revolusjon

men stulla i hagen og raka i tun

Om lykka var konge så var jorda flat

og ingen hadde vit på utsøkt mat

Nei verden blei ‘kje laga i lykkerus

med fest i kåken og bollar og brus

(Er det så at) lykka den er feit og konservativ

med eit mål hage og perspektiv?

Lykkeliten der er du no?

Lykkeliten der er du no?

Lykka ligg borti sofaen ein stad

i blant noko puter og vekeblad

Lykka er slengt uti boden ein stad

iblant noko skrammel og vedala