Eg vov dei dukar, raude, blå,

vov lilla og kvitt lin;

då stod så høgt eit ljos hjå meg

i sylvkvitt stråleskin.

 

Eg våga lyfte augo, sjå,

la stunda vera mi;

då såg eg at han bar ei lilje,

kvit, i handa si.

 

Då visste eg òg kven han var,

eit bod så ageleg,

send ifrå vår Skapar-Far

i himlane, til meg.

 

Eg varsla vart, ein tidleg vår

om noko rikt og stort,

at livet er ei gåve som vi

får og så gjev bort.

 

No renn det livet gjennom meg,

ei elv av ljos, ein foss,

snart heile verda føder eg

den Sonen, inn til oss.

 

Ja, det er òg eit under stort

at slik ei møy som eg

kan vera dør for slik ein konge,

bru for slik ein veg.

 

No er vi snart i Davids by

og børa mi er tung;

og enn eg ber ho utan sut,

for eg er sterk og ung.

 

Og sanneleg, sjå, Betlehem!

Her veit eg det skal skje.

Men finst det rom for oss i kveld,

ein stad å finne fred?

 

Min festarmann frå dør

til dør han går og bed om ly,

men kvart eit hus er stengt for oss,

i denne manntalsby.

 

Så lat det bli som det vart spådd,

lat stallen bli vårt rom!

I grotta duld, i løynde bu

du skjer, Mysterium.