Tekst: Stein Versto

Klår er min tanke,
stille mitt sinn,
varmt er mitt hjarta
for vegen min.

Nokon gjekk før meg,
det lyser i spor.
Ei stille røyst kviskrar
eit vandrarord.

Frå fjell ned til hagar
med angar av vår.
Dér blømer blomar
i grodde sår.

Klår er min tanke,
god er mi tid,
varmt er mitt hjarta
for jordi mi.

Landet er ope,
jordi er ei,
ho sviv som ein dansar
i himmel-lei.