Han ventar aldri morgondagen blåe
Men alltid er du med han når han dreg
Og dagen gjev både sol og skyer gråe
Men det er du som finn ein veg
Og vegen er dei underfulle planar
i løyndom du går rundt og tenker på
når tanken går i altfor store banar
Men ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjå

Når blyanten på arket går i krullar
slik du blir sagt at blyanten skal gå
Og du har skrive firogtjue nullar
men så blei det visst for få
Du drøymde deg visst bort i sag og spiker
og stort blei huset langt oppi eit tre
Men støre er den dagen når du sit der
Og ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjå

For ja! Det kan vel hende, det som draumen din fortel
At ein dag, langt der ute, så blir den deg til del

Og når regnet slepper over deg ei byge
og vegen heim er våt og kald å gå
Og du tenker at viss berre du kunne flyge
Ja, ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjå