Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Kven var det som stod i døra
kva var det han ville der
Der stod alle glasa opne
dei kom opp for dei som ser
Du var den som stod i døra
Eg var einsam om å sjå
Men det var så rart å sjå deg
du var slik du ikkje må

Ingen lyfte augnebryna
Ingen såg at noko var
hjelpelaust i strie straumar
Isen; at den ikkje bar

Plumt så kom der nokre fraser
Stumt – men likna fælt på rop
Mumling ifrå lause trådar
som du ikkje fekk ihop
Ville du gjera deg til kjenne –
var det berre så på lag?
Måtte lyfte loket litt,
for tanken var der heile dag

Dagen for og ingen visste, høyrde kva som hadde hendt
Berre eg sat att og visste:
No var og ein sjanse brent