Og verda var ny

Det var ein engel som gav meg eit frø

med rørsler så kvite som dalande snø

Eg sådde, og verda vart ny

 

Av svevnen min voks det eit tre her i nord

Eg vakna og såg det, stort, på mi jord

Eg hausta, og verda var ny

 

Og sola reis opp over byar og tre

Eg trudde ‘kje lenger på dei som dreg ned

For eg såg det, at verda var ny

 

Då vekte eg deg og sa kva eg såg

Du svara, med ei røyst så dirrande låg:

Ja sanneleg, verda er ny