Om du reiste din veg

(Om du lämnade mig nu, Lars Winnerbäck)

Omsetjing: Odd Nordstoga

 

Eg skulle vakne opp på natta og stå opp, ta på jakka og dra

Eg skulle lata blikket møte andre augo på ein framand stad

Eg skulle ikkje ha det travelt med å treffe nokon ny

Nei, eg har nok med meg sjølv, slik som deg

Eg skulle puste i det tomrom som kom over

om du reiste din veg

 

Eg skulle sitje på eit tog imot Paris og la Oslo bli

Eg skulle ha den tida berre for meg sjølv som eg har sagt at eg vil

Eg skulle unne meg å drøyme hundre mil gjennom Europa

om ei framand like tillitsfull som deg

Eg skulle prøve mine lepper mot ei anna

om du reiste din veg

 

Eg skulle kunne leve utan det der blikket som får meg ut av balanse

Men eg skulle sakne den der stunda som me har, når me til slutt har blitt sams

Eg skulle kanskje søke opp kontaktar som eg mista

som eg var med ein gong, ein stad

Eg går utfrå at du har nokon å ringe

om ikkje eg var

 

Eg kunne kanskje leite opp ei yngre, som ei fjør i hatten, og sjå

For det ville nok bli tomt og kaldt i senga om natta om ingen var der då

Men eg skulle aldri ha tolmod nok til å bli forstått

for ingen kjenner mitt hjarta slik som deg

Og mi einsemd ville taka meg att

om du reiste din veg