Om ei veke hell to

Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Om ei veke hell to
som ein stille flåte
som den einsame ven
Om ei veke hell to
kjem den nær stranda
så avgarde att med den
Skulle flåten få eit namn måtte han stige på
men kva med det som dreg mot

kanskje er det best å la vera
var det best å la vera?
Var det betre å vente litt
å sjå bortetter vatnet
sjå og vera vrong for båten som du skimta ein gong

Om det baud seg ein dag:
Koma bortom der
der som flåtane bur.
Laste hans med det frodige, det som tel
for ein makelaus tur
Flåten skulle ha eit namn og ei lei å gå
Men så det evige at

kanskje var det best å la vera….

Var det no det kom,
det som kom her for å vende?
Kom han utpå der,
var det skodde då det hende?
Han var visst fødd under flyktige stjerner
dei som alltid fylgjer med
Dei som virrar og virrar det ute og
til slutt så ha’en blivi med

Men styrer eg
skal du sjå han att ein gong
skal eg koma att ein gong