Tekst og melodi: Odd Nordstoga

Det står skrive nokon liner

på ein lapp i lomma mi

og i morgon viss du ringer

skal eg lesa om du vil;

desse orda som har teke meg

og lyft meg til ei sky

opp’ på himmelen

Det står skrive i kvar åker

som eg ser her som eg sit

Og eg veit det stod i bylgjene

i havet, såg eg dit

Men på trammen din der står det

og det lyser like hit

opp’ på himmelen

Ja det står i alt eg minnes

og det står i alt som skjer

Eg skal vise, eg skal vise

deg det eg om du kjem her.

Tak vengene dine på

og kom hit å sjå!

Det du skull’ i dag det kan du gjera etterpå

Eg trur ’kje du skal ringe

Du lyt koma hit å sjå

Me kan sitje her og dingle

nyte himmelkvelven  blå

og så trur eg at det passar at eg les dei linene då

opp’ på himmelen