Pilegrim

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong.
No ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.

Dette er ein skog med folk
frå løynde rike, gløymde bort,
ser på alt med unders augo,
dukkar snøgt fram, gøymest fort.

Dette er ein heilag fred
for hjarta. Lat den stige ned
og fylle mjukt kvar sjel i kyrkje,
synagoge og moské.

Denne duva kjem til deg
som leitar etter veg å gå,
send ifrå den stad du strevar
for å hugse namnet på.

Dette er ein heilag fred…

Dette er ein himmelstige,
englar lyser, rad på rad,
Jakob såg han, og Kong Olav,
siste natt før Stiklestad.

Dette er ein heilag fred…

Dette er eit stille hus
med dagar lagde stilt i ring,
vegger varme av ditt nærvèr,
ljoset ditt i alle ting.