Ein båt heilt utan segl og bør
Eit ope hav, ein gitar
Ein song og ein fugl du såg ein gong før
Elles ingenting som det var

Eit land i sikte, men langt i nord
Dit kjem nok ikkje du
For havet er stille og båten er stor
Finst ikkje ror, vil du snu

– Og sola går ned i havet
Og natta stig opp av kavet –

Og havet er fullt av stjerner no
Magellanske skyers glans
Og båten er borte, men straumen er god
i seglarens himmelkrans

Ja, båten er borte og rommet er vidt
Eit svimlande brus gjennom alt
Libra og Hercules er du alt kvitt
Ei segn, ein gong fortalt

Og du glid inn i ditt vesens grunn
Eit ope alt, ein gitar
For du er songen i fuglens munn
Ein tone som ein gong var