Odd Nordstoga

Det var to gutar
Dei kom frå Bruland
Dei skulle til heiars å fiske med stong
Det var på fredag
Dei skulle vera til sundag
sova i lyngen for fyrste gong
Bakkar var bratte
sekkar var tunge,
tunge av pølser og nødproviant
Men det var spennande
å vera på sjølvstyr
og dei var spreke og bakkane vant

Dei sette opp telt
og fyra med bål
og åt sjokolade og så var det kveld
Morgonen etter
var himmelen annleis
Ja, den var bleikare, men fin likevel
Den eine var Tore
Den andre var Gunnar
Dei sprang mellom tjønnar og såg etter vak
Dei kasta ut sluken
og snella den tikka
Vatnet var klart, ein såg fisk koma bak

Vera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og far

Dei merka ‘kje dropane
Dei merka ‘kje skodda
Snart i det gråkvite borte dei var
“Hei!” ropa Tore
og skvatt av det store
og uendeleg stille og skremmande svar
Den andre såg rundt seg
med aukande uro
for Tore var nett borti osen istad
No såg han ikkje osen
og høyrde ikkje Tore
di meire han leita di meir borte han var

Vera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og far

Så mista dei hjartet
Det dunka og hoppa
Og stemmene sleit seg og heldt ikkje att
For har ein mista seg
så har ein mista seg
Dei mista seg her i den gråkvite natt
Plutseleg stod dei
og såg på einannan
fortumla og skremde av dei villaste rop
Og brydde dei tagna
men kjende dei letna
og samla panikken litt betre ihop

Her kunne eg stoppe
og sagt dei blei funne
rett bortom teltet, frosne i hel
Slike ting hender
i leik og i moro
I leik og i moro kjem dauden og stel
Men no har eg sagt det
Det er nok å ha tenkt det
nok å ha tenkt på dei rivne ifrå
Lat heller sola
få slå gjennom skodda
Lat dei få himmel og heimvegen sjå

Vera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og far