Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Han sa han forsto det ho gjor.
Det var greit at ho endeleg for.
Gjekk der og venta på svar;
eit som kunne løyse det han bar.
Ei uvisse tynger så.
Så kom veker med scena tenkt på ny
der alt det han kunne gjort
var med, om ikkje allting gjekk så fort.

Og der var han Sølvpilen
helten i visa
og ho var Månestråle som slo blikket ned

Så går det i år som i fjor
Når ho går, står han utan ord.
Med innsida sprengd av trong
ser han at ho fer for siste gong.
Så slår han vel blikket ned.
Det er stille når jenta rakt går bort.
Ein kjem liksom betre på..
Når jenta ikkje lengre er å sjå

Men då er han Sølvpilen
helten i visa
og ho er månestråle som slår blikket ned