Song om fred

Ho ser ingen vondskap
men snur seg ifrå
og tenner eit ljos for det gode
Så breier ho dynene over dei små
og vekker dei opp med å smile
Du høyrer ho syng på ein glad melodi
når ho ein morgon går ut

Og rett som det er kan du ta deg i
at verden den er både ljos og blid
Ja det lysnar av dag når ho fér forbi

Eg trur ‘kje ho er med i kampen mot
det vonde som rår her i verden
Men likevel er ho den beste bot
og våpen mot heile den svermen
av mørke og ufred og fiendskap
og djevelens verk her på jord

Ja for rett som det er…

Eg syng hennar song for at det var ho
For at det var ho som vann krigen
Det vonde fekk tapa for den som var god
Det var kjærleik som vann over striden
Og kvart minutt er det det godes sjans
til å flytje sin front lengre fram

Og rett som det er…