Tekst: Stein Versto

No stig månen ivi åsen
Ein ny dag er på hell
Om du vil kom inn til meg
Eg hev eit rom ei seng eit heilt hotell

Det er kaldt å sova ute
og verre kjem det til å bli
Eg hev ei lerke under sengi
med gylne dropar i

Eg høyrer steg utpå trammen
Snart lyder banking på mi dør
Eg opnar flaska mi og famnen
Kom inn du som ikkje kom før

Kom inn til meg, inntil meg
og få eit kyss eit klapp ein klem snart er ho ti
For det er kaldt å sova ute
og verre kjem det til å bli

No stig månen ivi åsen
Ein ny dag er på hell
Eg syng min Tomt hus blues
Eg hev eit rom ei seng eit heilt hotell