Det er så varmt om det er kaldt
Det er så ljost om det er mørkt
Det er så framandt overalt
Men likevel som heime
_____
Det er ei dør der bak min rygg
Der syng det enno eit adjø
Gav ho eit teikn?
Var det noko bak eit stengsel som kom ut?

Og var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er ‘kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg inn

Eg har 1000 bøkar lest
for å bli den som har eit svar
Og eg er kjend i land som knapt har namn langt her ifrå
No står eg utan mi arme råd
Det stryk ein vind som er så god
og bak meg er ei dør som forgylt imot eit nytt og ukjent land

Og var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er ‘kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg inn
før eg driv av og forsvinn

Og eg har vore ute i verden i blant krig og naud og frykt
Og eg har gjort alt som eg kan for å få utrygt til å bli trygt
No står eg her og veit kje råd
Men eg veit at det neste landet eg vil sjå
Eg vil snu meg, gå opp trappa, banke på.

Men var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg inn
før eg driv av og forsvinn
Der berre du kan dra meg inn
Så ver så snill og slepp meg inn