Vidare, min song

Tekst: Stein Versto

Eg tek på deg og trur at du er du
Du svarar meg og styrkjer slik mi tru
Men kan eg lite på mi hand og på mitt blikk
og på at det me byggjer er ei bru

Vidare, vidare, min song

Hjelp meg, vis meg det eg ikkje ser
Mitt auga kan ’kje fatte alt du er
Så kan då dét òg få eit rom og høyre til
og det blir alt meir godt å vera her

Eg ser på alt og skaper det ved dét
Skaper krigar, stormar, stundom fred
Hjelp meg til å sjå at det er vakkert her
så blikket blir ei bøn som eg kan be

Hjelp meg til å sjå den unders glo
som gløder gjennom alt og alle no
Å, lat oss brenne sterkt og klårt i denne tid
så alle sår får ljos nok til å gro

Vidare, vidare, min song