Voggesong

Det skull’ ’kje bli ein voggesong

Så går visst blyanten den vegen denne gong

For eg ynsker deg bak hav og fjell

at du får sova godt i kveld

Når huset stilnar og sola glar

og du har pysjen på, den raude som du plar

Kan eg be deg taka ein klem eller eit par

å ta å sende ned til far?

Fire stryk på kvart eit kinn

så ynskjer me velkomen inn

til til englar og til stjerneris

å er det vel god natt då på eit vis

No har nok dyna di blitt varm

Hell kanskje kviler du på mor sin gode arm

Og der borte søv vel storebror

og om eit blunk så er du like stor

Eg syns vel songen blei litt fin

Og hels til mor og bror, men songen den er din

Og eg ynskjer deg bak hav og fjell

at du fær sova godt i kveld