Du kan tru på himmelen
Du kan tru det du vil
Du kan tru at det blir betre
Om du berre prøvar alt du kan litt til

Du kan tru på dei som sel deg
oppskrifta på å leva i di tid
Du kan tru at det er noko nytt på gang
Når du blir fortalt det som har vore kjent i evig tid

Og du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du

Du kan tru på dine krefter
Du kan tru på dine val
Du kan tru på meg og oss to
Setje oss i ei slags eining og ein mal

Og du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du

For alt du eig for sikkert
er ei bøtte full av lengt
og ho ligg der framme i tida
full med det du hadde tenkt

Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du