Det ventar

Odd Nordstoga

Ventar dei på meg
ute der dei tre?
Står så stilt og lyder
verkar mest som det
så stille som dei står
Berre av og til
eit lite ekorn over furugreiner går
Eg ventar her eg òg
at noko kanskje skjer
at kanskje kjem eit tog
og at eg kjenner nokon der

Koppen min er tom
så skjenkjer eg ein ny
Det bråkar som ein foss
Det osar som ei sky
når allting rundt meg står
så stilt som berre det
Ja, berre sola snik seg stille bak eit tre
Kva ventar me så på?
Det er så himla rart
Det ventar, ventar spent!
Eg kjenner det så klart

Det kjem ikkje eit tog
var noko eg fann på
Det er ikkje eit ekorn
her som eg kan sjå
Men ute er det stilt
ei kald og stille verd
Eg kjenner kor det smittar
og flyt i meg her eg er
Men det som det betyr?
Det veit vel ikkje eg
Noko i sitt vesen
opna dørene for meg