tekst og musikk: Odd Nordstoga

Eg ser det på blikka ho sender
eg ser det på lepper og lår
eg ser det i måten ho vender
eg ser det i måten ho står

Eg ser det i kurva langs kinnet
langs halsen frå bryst til bryst
Det som ho har inni sinnet
som tirrar ein svekling si lyst

-Men det som forundrar, forundrar meg mest-
-er måten ho skjuler det på: Det er det som viser det best.-

Eg høyrer det i det ho seier
eg kjenner det i hennes pust
og orda ho bruker dei leier
mot slutningen meire robust

Eg ser det i måten ho går på
på hofta og nedover lår.
Så kjenner eg og det eg ser då
fornuften får tronge kår