Kva kom du for

Må eg spørje kva du kom hit for
kom hit for
kom hit for
Og må eg spørje kva du
smiler for
smiler for
Når du vil ta oss med ein annan stad
Og mamma ho vil ver’ med
Men du veit det er den siste ting som eg vil at skal skje

Eg vil vera der som eg er glad
eg er glad
som eg er glad
Og veit du at det var det eg var
det eg var
det eg var
Men så kom der ein kalde gufs i huset her i stad
Og no kan eg aldri smile att for orda som du sa

Og kanskje kan du vera pappen min,
pappen min ein dag
Men vil du eg skal vera ungen din,
ungen din ein dag
Så her det her det som du vil ha
Og du kan låne men du kan ‘kje ta
Du kan få, men du tek det aldri herifrå

Må eg spørje kva du kom hit for
kom hit for
kom hit for
Og må eg spørje kva du smiler for
smiler for
smiler for
Eg vil berre at alle ting skal vera som dei var
Eg vil springe ned til sjøen
kaste stein og ha det bra