Odd Nordstoga

Den største majesteten nedi havet
får ikkje bestemt seg kva han lever i
Djupet gjev han maten, men han pustar i det fri
Dømd er han til å leva slik imellom
Begge stadar drep han om han legg seg til
Aldri får han kjenne på kva eigentleg han vil

Så han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om ljoset langt der nede i det blå
Han syng ein song imellom for å prøve å forstå

Trykt ihop av tusen tonn med vatn
drøymer han om svolene i sommarvind
fyller opp med venger der som vatnet ikkje kjem inn
Der tenker han òg på ein gong i fjor
langt ute i Atlanteren ei stjernenatt
Han såg seg så langt utover at noko kom ikkje att

Så han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om ljoset langt der nede i det blå
Han syng ein song imellom for å prøve å forstå

Så tunge, tunge tonn der inne på stranda
Småfuglar og måsane dei glir forbi
set seg til på berget med eit bankande hjarte i
Så hjelpelaus og tung det er kvalen
Sola den sprekker opp hans mørke skinn
Enno er det lenge til at havet flør inn

Så han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han let ein song om djupet over gras og enger gå
Han syng ein song imellom for å prøve å forstå

Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om djupet langt der nede i det blå