Kvile og fred

Odd Nordstoga

Eg er ein gjest, ein framand
ein heimlaus er eg
Her er ingen eg kjenner
Her er ingen som meg
Eg er einsam, så einsam
så dum i mitt spjeld
Der eg står som ein stut
ifrå morgon til kveld
Men det er mange som meg
som ikkje finn heim,
gjekk ut døra ein morgon i tru
på at alt skulle bli det sama
om ein dag ein ville snu

Men det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fred

Kvile og fred!
Kvile og fred!
At pipa skal brenne i kvile og fred

Eg hadde ein kjærast
ho heitte for Linn
Me fylgdest ein sommar
det var meg og så Linn
Men som fuglar om hausten
så fauk ho avstad
”Eit semester i Polen”
det var det som ho sa
Men til jul skulle ho heim att
og eg gleda meg slik
For til vinteren skulle Linn vera mi
Ja, det skulle bli våren og kjærleik og vi

Men det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fred

Eg kjem frå ei bygd
under fjellet i nord
Der ligg mine røter
der ligg dei i jord
Dit reiser eg stundom
Og hjarta brest
når eg meiner meg heime
men går som ein gjest
Men det er mange som meg
som driv langs eit liv
og prøvar å finne ein stad
og seia: «Her er det
Her var det det var»

Men det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fred

Kvile og fred!
Kvile og fred!
At pipa skal brenne i kvile og fred