Video

Nytt

Jævla fin musikk då gitt!! ... See MoreSee Less

Edvard Gunnar Eilefsen, Karin Lauten and 24 others like this

Per Anders Buen GarnåsJa, fine slåttar frå Tuddal.1 day ago
Tore KvinlaugNo svingar det 😊1 day ago
Asgaut H. BakkenSit de og ser på springar frå landskappleiken?1 day ago

Comment on Facebook

I #tessungdalen #dieselogbensin #oddnordstoga ... See MoreSee Less

View on Facebook

Inge Holtet, Lars Underdal and 191 others like this

View previous comments

Morten Færestrand#Travels2 days ago
Jeanette FåneTessungdalen er en fin plass, med fine folk!2 days ago   ·  2
Terje KiliFantastisk låt!2 days ago
Knut Rosenkar GarnesVeldig bra song, likar den 👍2 days ago
Aarstein LuråsStian Lauluten Tessung-valley FTW!!!😜2 days ago
Stian LaulutenOh yes;) Hehe. Tessungdalen Bensin!1 day ago
Torfinn SkeimoMat må alle ha, om det er traktor eller bil.9 hours ago

Comment on Facebook

Trening til #Notodden bluesfest på sundag. ... See MoreSee Less

Anne-Line Ringhus, Lisa Neijstrøm and 123 others like this

Sigve RøsslandStålkontroll ser eg,filma sjølv?4 days ago
Lisa NeijstrømSå flink da.detta går så d susar 🚴🏼 🇳🇴 🏆2 days ago

Comment on Facebook

Selfie med trollmor og trollfar på #trollrock. forresten. Topp stemning og rakk til Valdres for genialt publikum. ... See MoreSee Less

View on Facebook

Sue Davis Sturges, Oda Osaland and 183 others like this

Randi Kristine MarkussenNotodden venter:)7 days ago
Pia RudolphTakk for en fantastisk konsert på Trollrock på Beitostølen 😍6 days ago
Beate Gaarde NensethTrollrock, hvorfor kunne ikke det vært i fjor da vi valgte og leie hytte på Beitostølen da? :) Håper Trollrock kommer til Skien, byen i Telemark, det må odd Nordstoga jobbe litt for da han selv er Telemarking ;) Det er fint om du vil løfte opp Skien, Skien er en by med masse historie og gamle plasser, det foregår utgravninger her og man finner stadig nye ting :) synes virkelig Trollrock eller kun Odd N burde komme *hjem* til sin by i Telemark og holde konsert :) Ibsenhuset står helt sikkert klart !3 days ago

Comment on Facebook

#bekkjarvik #oddnordstoga ... See MoreSee Less

Sue Davis Sturges, Øivind Bråthen and 86 others like this

Regine Sagstad BergSkal du på konsert i kveld Eirin? 🙊1 week ago
Sigve RøsslandShit der sku eg vore :)1 week ago
Tordis RogneI morgo kjem du til oss på Trollrock! Gleda uss :-)1 week ago
Anne-Britt WolffHåper du fikk litt god mat der Odd Nordstoga1 week ago

Comment on Facebook

Live

Bio

Odd Nordstoga er fødd 10. Desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet Nivelkinn som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate.

I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som «Dagane» og «Frøken Franzen» omtrent på same tid som serien Jul i Svingen gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av Tryllefløyten som turnerte heile Noreg og Sverige. I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet Pilegrim. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata Strålande Jul med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma «Upp gledjest alle» derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata November kom året etter, og der er folkpreget for fyrste gong tona litt ned til fordel for eit litt mørkare og personleg landskap. Solsida av dette landskapet kjem til sin rett i neste plate Vaffelhjarte, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok og tv-serien med same namn. Songane «Bestevenn» og «Ein farfar i livet» herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. Vaffelhjarte vart feira med to utselde hus i Operaen og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata Heimafrå for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to fantastiske konsertar igjen i Den Norske Opera. No jobbar Odd med å ferdigstille sitt nye album som blir sleppt til hausten. Fyrste single herfrå heiter «Kunsten å gå»

– Kunsten å gå» er ein låt om å gå ut av huset sitt, og på ein litt overdådig måte nyte livet og tenke på det fantastiske ved å gå – fortel Odd sjølv om låta.
Albumet er spelt inn i det legendariske Studio Atlantis i Stockholm, med Bergensbrødrene David og Ivar Vogt frå folkbandet Realones som produsentar.

– Selv de enkleste ting, som å gå, er en kunst for dem som ikke kan det. For Odd Nordstoga er nok å lage en hyperfengende sommerlåt blant de enkleste ting – for oss andre er det bare å beundre denne kunsten, seier David Chelsom Vogt.

Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 5 spelemannsprisar inklusive Årets spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.

The Early Years

Eg er fødd den 10 des. i 1972  som yngst av fire sysken. Dei andre syskena mine er Aasmund, Randi, Gunne og så meg til slutt.  Mor  mi heiter  Ellen og Far min er Olav. Eg har vel kome fram til at mi soge som vinbyggje i grunnen startar ved at mine besteforeldre kom til Rauland på 30-talet. Slik blei det vel litt raulending av mor mi. Far min var eldstemann på garden Plassen i Vinje grend. Og det var der eg voks opp etter at mykje vatn hadde runne ut i havet og ting hadde laga seg til at dei to altså blei gifte og slo seg ned og altså då fekk fire ungar inkludert meg.

Når eg var 8 år vart Vinje musikkskule skipa. Eg, som hadde prøva trekkspelet til syskenbarnet mitt, Irja, på Rauland, og fekk til ompa ompa på bassen ved fyrste forsøk, var derfor ”dømd” til å byrje med trekkspel. Læraren min var Erling Moen, og han er den eg lærde å spela trekkspel av.

Etter nokre få år der alle sat på kvar sitt rom og odla sine ferdigheiter på ulike instrument vart Vinje Junior Spelemannslag skipa. Læraren her var stort sett Stein Versto, men me spela også litt med Tarjei Romtveit minnest eg.  Reportuaret til juniorspelemannslaget var stort sett gamaldans, men av det reportuaret som er i hardingfeletradisjonen. Alt gjekk i E- dur, med ikkje mindre enn fire kryss, og det var ikkje moro for trekkspel, men det blei no ein vane.

På ungdomskulen byrja eg å spela gitar. Onkelen min budde i Geneve, og det var på ein tur dit at eg lærde av syskenbarnet mitt ”Six blade knife” med Dire Straits. I tillegg til 12 takterbluesen. Populærmusikken beit seg fast, og snart blei det i Juniorspelemannslaget utvida med ei bluesavdeleing. Snart blei, med bassist Hans Nesheim i spissen, også Gamlevegen blueslag starta. Det skulle bli eit ganske mykje brukt band til bryllup og festar og anna. Me heldt på heilt til eg reiste på folkehøgskule på Voss i 91.  Reportuaret vårt var alt mogeleg av popmusikk frå 60 og 70 talet. I frå Everly Brothers til The Waterboys. Me hadde ingen setliste og diskuterte oss fram til kva som ville vera beste trekk i høve til stemninga i salen mellom kvar låt. Nokon tydeleg profil hadde me ikkje. Men hadde ei eiga avdeling med gamaldans frå Juniorspelemannslaget, om det var det folket ville ha.

Voss folkehøgskule gjorde til at musikardraumen beit seg fast. Der blei bandet ”Det Norske” stifta. Namnet fekk me fordi me var det bandet på skulen som song eigelaga songar på norsk. (Det var stort sett dei same folka som var med i dei andre banda også)

Høgdepunktet i ”Det Norskes” karriere var på Kronstadfestivalen i Bergen, der me kom på tredjeplass. I BA skreiv Bård Ose at dette bandet burde få platekontrakt. Og derfor trudde me at me skulle bli store stjerner, blåsne opp av folkehøgskulens sjølvtillitspumpe som me var. Eg laga  to songar på folkehøgskulen. Det var ”Du er du” og ”Det som seiast om soli kan seiast om deg” To songar som neppe kjem til ein konsert nære deg.

Etter folkehøgskulen drog eg i militæret. Der gjorde eg som far min. Eg tok USK kurs i hærens sanitet. Mitt livs største kontrast til no var overgangen frå folkehøgskule til militæret. Så bar det til Bergen, for å treffe att dei eg hadde det så fint med på folkehøgskulen, som no gjekk på musikklina ved Bergen Lærarhøgskule. Åra i Bergen gjekk med til å bli lærarutdanna, samstundes som musikken tok stadig meir plass. Eg blei raskt shanghaia inn i ”Has anybody here seen Hank” med meg, Magne Tormodsæther og Geir Hansen.  Irsk musikk for alle penga. Og i starten var det veldig gøy. Men ein såg kanskje etterkvart at det beste var kanskje at The Pouges, Steely Dan og alle dei andre orginalene var betre enn kopien på luguber pub i Akersgata i Oslo og andre buler. I tillegg var eg med i studenteateret på Nygårdshøyden, me starta May Sissel band i lærarskuleklassa. Sistnemnde vart til Something Odd. Og siste året på Lærarskulen spelte me inn plate med same tittel. Der var det ein song som heitte ”Fuggel i karmen”, den fyrste songen eg hadde laga som folk ville høyre på av eigen fri vilje. Låten førde til platekontrakt med BMG og det blei ingenting av. Men har ein trua, så har ein trua. Eg let meg ikkje affisere nemneverdig av det, og heldt på. Helge Westbye kjøpte den neste plata vår, takka vera godt telefonarbeid av Geir Luedy. Den heitte Nordstoga, og ein soloartist var i emning.

På sida av dette held teg på med alt mogeleg anna. ”Fake it or leave it” med Kato Aadland og Knut Aafløy i spisen, skulekonsertar med min bror Aasmund, skulekonsertar med Øystein Fosshagen og mykje anna. Og det var det som skulle vise seg å vera vegen frametter. Me hadde diverse crossoverprosjekt med fokemusikk. Det viktigaste skulle bli Blåmann Blåmann. Der me på mange vis tok opp tråden frå folkemusikkmiljøet frå ungdomstida i Vinje. Ideen var rett å slett å sende unge folkemusikarar til Tyskland for å promotere Telemark som reisemål. Me spelte inn plate på Grappa og hadde ei karriere så ljos som berre det. Og så moro som me hadde det har eg aldri hatt det i musikkens teneste. Det hjelper med bra folk som ein kjenner med god sans for humor, og at ting ikkje går som det skal er jo det som lagar ei god historie. Slikt var det mykje av.

Så ringde Øyonn Groven Myhren og me starta med Nivelkinn, eit prosjekt som fekk både vanvittig bra omtale og spelemannspris. Så ringde Herborg Kråkevik, som eg kjende frå ei filminnspeling i 1991 – Det Rare.  Dermed hoppa eg på ”Edith og Eg” og kom i kontakt med manager Bjørn Nessjø.  Men personen som fekk samla musikken min saman til eit uttrykk som blei omfamna av alle. Det var Kåre Vestrheim. Eg spurde han og Geir Sundstøl, to skikkelsar eg såg veldig opp til, og så vidt hadde litt kontakt med, om å bli med å lage ei innspeling av nokre låtar eg dreiv på med.  Me drog til Bruket der Kåre hadde eit lite studio og var der i eit par dagar, finansiert av pengar eg hadde søkt om og fått. Det blei bra saker, og Kåre spurde faktisk om eg ville jobbe vidare med dette i Propeller med han som produsent. Platekontrakt hadde eg jo ikkje. Men Kåre hadde trua. Og det hadde Terje Pedersen på Warner også. Men det blei Universal som til slutt fekk kontrakta på dette, og takka for tilliten med å selge 160 000 eks av solodebuten min ”Luring”.  Ei plate som på mange vis er eit ganske så godt nedkok av alle mine sprik og krumspring i musikken fram til då, og den gav meg ei eiga stemme og heile landet å spela for.

Kontakt

Booking/Management:
Stageway
Sigve Presnes
sigve@stageway.no
+47 982 85 104

Presse:
Universal Music
Thea L. Gulbrandsen
thea.gulbrandsen@umusic.com
+47 22 54 14 40

Tekst